Ei hjerne som glitrar

av Per Kleiva

 

40 år er ingen alder, blir det sagt, og heller ikkje 60. Dersom det er sant då, Victor, at du er det. Med ei hjerne som glitrar som sommarfuglvenger, og auge som lyser som barnebarnet ditt sine, ja så er det ikkje så lett å tru på det.

Men vi får vel det då.

Og slik er du også, at der vi andre frå "gamle dagar" framleis ligg med nasen langt nede i olje- og akrylmålinga på jakt etter den store åpenbaringa, ja så har du kome deg opp på stolen, der du sit roleg og uanfekta ved tastaturet ditt og streifar vidt omkring på nettet.

Kanskje er ikkje den store åpenbaringa der heller, men heilt sikkert mykje anna som kan kvesse tankane.

Men - sjøl om skilnaden oss i mellom er stor, eller liten, og våre verbale og visuelle svingslag frå vår ungdom er blitt erstatta av meir sofistikert våpenbruk, kan vi kanskje likevel med rak rygg samlast under paroler som "Knus kapitalismen" og "Solidaritet med alle forpinte og undertrykte".

For ei tid sidan las eg ein artikkel i Morgenbladet med tittelen: "Hvem eier verden?".

Kven eig verda? Eit retorisk men også underfundig spørsmål, tenkte eg. Og like etter: ein typisk "Victor"! Og nettopp - artikkelen handla ikkje om Carsten Jensen som hadde sett verden begynne, eller hørt eit stjerneskudd. Men om dei som eig verda, og som slett ikkje skulle gjort det.

Victor, det er alltid like gjevande å dele ein øl eller to med deg - på byen. Så la oss gjere det - oftare.

Gratulerer med dagen!